Fylkesmannen vil ha ny Lemonsjøen-behandling
Ketil Sandviken Fra GD 04.02.2003 Av Ketil Sandviken VÅGÅ: Dermed er det uvisst når spaden kan setjast i
jorda for dei 70 først tildelte av i alt 159 tomter - og om det til slutt blir så mange tomter som
planlagt. Fylkesmannen kan ikkje endre ein reguleringsplan, men dersom
han er usamd i vedtaket, kan saka sendast attende til kommunen med
oppmoding om endringar. Dersom kommunen ikkje gjer dette, kan saka
klagast inn for Miljøverndepartementet. Fylkesmannen antydar at Vågå kommune bør ta ut delar av det såkalla H2-feltet,
som spesielt Verdas Villmarksfond og Naturvernforbundet ber for, eller
redusere antall tomter slik at planområdet blir mindre. Fylkesmannen har merka seg at planprosessen har vore prega
av tildels hastverk, med uttalefrist 27. juni i fjor,
planutvalsbehandling 1. juli og kommunestyrebehandling dagen etter.
Fylkesmannen stiller spørsmål ved kor grundig høyringsuttalene er
vurdert når kommunen har brukt så stutte fristar. Det blir peikt på
at utbyggjar Statskog purra på å få fortgang i planprosessen, med
tanke på oppstart allereie hausten 2002. Det må ikkje vera slik at
ein ikkje brukar nødvendig tid til forsvarleg saksbehandling, og ein
må ikkje Fylkesmannen viser til at reguleringsvedtaket vart påklaga
i rett tid av Olav H. Broch, Petter Olsen, WWF-Norge og
Naturvernforbundet Oppland, Liv Marit og Erling Lusæter og Lars og
Rune Bergdølmo. Lemonsjøen Vel var for seint ute. Planutvalet
avviste samtlege klager. Desse vart så i rett tid påklaga av Broch og Olsen, men
fast utval for plansaker opprettheldt sitt vedtak 17. oktober i fjor.
Nå slår fylkesmannen fast at det var feil av planutvalet å avvise
klagen frå Broch ved å vise til at reguleringsplanen er i samsvar Fylkesmannen er samd med kommunen i at den privatrettslege
avtalen mellom WWF og Langmorkje almenning ikkje er noko offisielt vernevedtak
som gjev føringar for forvaltning av området etter plan- og
bygningslova. At Petter Olsen har stått bak og delfinansiert avtalen om
hogsutsetjing, kan neppe seiast å få rettsleg eller praktiske verknader for
klagaren. Fylkesmannen meiner at Olsens tilknyting til reguleringsområdet
er for perifer, sjølv om han har eiga interesse i at reguleringsområdet
blir redusert. Fylkesmannen er komen til at Petter Olsen ikkje er part
og såleis ikkje har klagerett på dette grunnlaget. Men som eigar av
Darthus sæter med dokumentert beiterett stiller det seg annleis, og
planutvalet må difor behandle klagen frå Petter Olsen på ny. WWF og Naturvernforbundet var for seint ute med klage, men
fylkesmannen meiner likevel det var feil å avvise denne, og ber om ny
behandling. Avvisingsvedtaket vart ikkje påklaga av Lusæter og Bergdølmo. Fylkesmannen meiner at
klagen urettvist er avvist, og vil ha ny behandling. Sjølv om Lemonsjøen
Vel var for seint ute med klage, meiner fylkesmannen at denne også burde ha vore lagt fram for
planutvalet og ikkje vorte avvist adminstrativt. Difor må også denne klagen behandlast på
nytt. Fylkesmannen krev at kommunestyret behandlar
reguleringsplanen for Lemonsjøen hyttefelt på nytt. Lemonsjøen
hyttefelt har vore gjenstand for mykje omtale i GD den siste tida.
|
|