Fylkesmannen i Oppland

Juridisk avdeling

 

Vågå kommune                                                                                                                               

Sentraladministrasjon                                                                                                                      

2680  VÅGÅ                                                                                                                                 

   

Dykkar ref:                                             Vår referanse                                                                     Vår dato

00/02865-82/L12                                                                  2003/537-421.4 ASV                                                                       

REGULERINGSPLAN FOR LEMONSJØEN HYTTEFELT - KLAGE OVER KOMMUNESTYRET SITT REGULERINGSVEDTAK AV 02.07.02 I SAK 31/02

Fylkesmannen har med ekspedisjon i brev av 21. oktober 2002 frå Vågå  kommune motteke ovannemnde sak til klagehandsaming. Kopi av kommunen sitt oversendingsbrev er sendt klagarane.

Vågå kommunestyre eigengodkjende reguleringsplan for Lemonsjøen hyttefelt i møte 2. juli  2002 i sak 31/02.

Reguleringsvedtaket er i rett tid påklaga av følgjande:

a) Klage i brev av 19. juli 2002 frå Olav H. Broch.

b) Klage i brev av 24. juli 2002 frå Petter Olsen.

c) Klage i brev av 24. juli 2002 frå WWF-Norge og Naturvernforbundet i Oppland.

d) Klage i brev av 25. juli 2002 frå Erling og Liv Marit Lusæter og Lars og Rune Bergdølmo.

 

Etter klagefristen sitt utløp:

 

·        Klage i brev av 23. august 2002 frå Lemonsjø Vel, v/formann Jørn Breili. 

 

Petter Olsen og Åsta Røhr som er forpaktar av Darthus seter, har samen kome med supplerande klage i brev av 14. august 2002.

Planutvalet handsama klagene i møte 22. august 2002 i sak 56/02, kor utvalet avviste samtlege klager på ulike grunnlag. Når det gjeld klagen frå Lemonsjø Vel, vart den formelt ikkje klagehandsama, men administrativt vedteke at den ikkje skulle vurderast eller realitetshandsamast fordi klagen var for seint innkommen. 

Avvisningsvedtaket blei i rett tid påklaga av følgjande:

·        Olav H. Broch i brev av 16. september 2002.

·        Petter Olsen v/advokatfirmaet Haavind Vislie DA i brev av 23. september 2002.

Saka vart handsama på nytt i det faste utval for plansaker i møte 17. oktober 2002 i sak 59/02,  der utvalet samrøystes vedtok å holde fast på sitt tidligere vedtak i saken. 

Fylkesmannen har dessutan mottatt ei rekke henvendingar,  både frå einskilde personar, organisiasjonar og andre som har engasjert seg i saka, og som ikkje er referert. Brev og e-mail som er sendt fylkesmannen beinvegs, er journalført, lagt ved saka, og tatt med under vurderinga av klagesaka. 

I samband med klagehandsaminga, ba kommunen om eit møte med fylkesmannen, kor representantar for kommunen møtte her 9. desember 2002, og fekk høve til å leggje fram sitt syn på saka.  

Fylkesmannen er elles kjent med at reguleringsplanen for Lemonsjøen hyttefelt har skapt atskilleg mediadebatt.

Fylkesmannen føreset ellers at både sakstilhøvet og saksgangen er kjend, og finn såleis ikkje grunn til å gå nærare inn på den.

Fylkesmannen har desse merknadene:

Etter plan-og bygningslova § 27-3 kan kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplan, påklagast til departementet. Ved rundskriv T-8/86 frå Kommunal-og arbeidsdepartementet og Miljøverndepartementet, er klagemyndigheita delegert til fylkesmannen. Det er i delegasjonsvedtaket lagt til grunn at fylkesmannen si klagehandsaming skal omfatte så vel dei skjønnsmessige som dei rettslege sidene ved reguleringsplanen. Men det følgjer av forvaltningslova § 34 andre ledd at fylkesmannen som statleg myndigheit skal leggja serleg vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyre ved prøving av det frie skjønn.  Ein legg også til grunn den forståinga av regelverket at dersom fylkesmannen kjem til at klagen bør føre til endringar eller ny handsaming, må saka sendast Miljøverndepartementet til avgjerd, med mindre kommunen seier seg samd i fylkesmannen sitt standpunkt. Det følgjer av plan-og bygningslova § 15 jamført med forvaltningslova § 1, at forvaltningslova også gjeld for saker om reguleringsplanlegging. Vedtaking av reguleringsplan etter plan- og bygningslova § 27-2, blir rekna som enkeltvedtak. Ein viktig del av klagehandsaminga vil vere å vurdere og ta standpunkt til sakshandsaminga.

Planområdet er lokalisert til Langmorkje statsallmenning, aust for Lemonsjøen fjellstue og ligg på om lag ca. 800 - 975 m.o.h. Planområdet er på 1736 daa (inklusiv vannareal), og har 52 eldre hytter innan området. Byggeområda er delt i eit øvre og nedre felt, og i tillegg er det fortettingshytter vest i planområdet mot Lemonsjøen. Området utgjer om lag 300 daa blandingsskog og er prega av verdifulle naturtypar mot høgfjellet. For området ligg det føre tidlegare reguleringsplan, vedteken av kommunestyret i møte 12. mai 1992 i sak 91/92.  Avgrensinga går elles fram av plankartet.

Føremålet med reguleringa er å leggje til rette for 159 nye hytter i planområdet. I øvre- og nedre felt er det vedteke å byggje 150 hytter med vatn og kloakk (høgstandardhytter). I tillegg er det i fortettingsområdet mot vest vedteke å byggje 9 hytter uten vatn og kloakk. Statskog  har som grunneigar ei målsetting om å leggje til rette for ei miljøvennleg hyttebygging.    

Reguleringa er i hovudsak samsvar med kommunedelplan for Sjodalen, Randverk og Lemonsjøområdet, vedteke av kommunestyret i møte 25. juni 1996 i sak 71/96. Området H 1 omfattar eksisterande hytteområde, mens H 2 er i arealdelen av kommunedelplanen avsett som byggjeområde for fritidsbustader. M 21 er i kommunedelplanen avsett til byggjeområde - handel- og tenesteyting. Arealet er avsett som ”reserveareal” til turistretta verksemd i området/kommunen. Det er ikkje knytta noko andre konkrete målsettingar til dette arealet.

Fylkesmannen kan ikkje sjå at det er hald i påstanden frå mellom anna WWF-Norge om at delar av hyttefeltet på om lag 200 daa er lagt inn i det private avtaleområde om hogstutsetting. Byggjegrensa mot hogstutsettingsområde er faktisk trekt attende (redusert) i høve til byggjeområde for fritidsbustader (H2) i arealdelen av kommunedelplanen. Men fylkesmannen har merka seg at delar av høgdebassenget (vatn) avviker noko frå kommunedelplanen, men det er snakk om heilt marginale tilhøve.  

Klagarane har tidlegare protestert mot planforslaget og mellom anna hevda sine syn i høve til dei vanskar, ulemper og miljøkonsekvensar dei meiner reguleringa vil føre til. Kommunen var såleis kjend med klagarane sitt syn. Det er i klagene ikkje påvist nye vesentlege tilhøve som var ukjende for kommunen under planhandsaminga. Planutvalet har vurdert merknadene, men avvist klagene.

Fylkesmannen har merka seg at planen har vore lagt ut til offentleg ettersyn i tiden 27. mai til 27. juni 2002. Aktuelle organ, grunn-/hytteeigarar, forretningsdrivande og andre impliserte er tilskrivne og gjort merksame på oppstartinga av planarbeidet og har hatt høve til å uttale seg.

Planen som er fremma av Prevista på vegne av Statskog, har vore handsama i dei ulike kommunale organa, Oppland fylkeskommune, plan-og kulturseksjonen, Statens vegvesen og fylkesmannen sine fagavdelingar, som ikkje har faglege merknader som er til hinder for eigengodkjenning.

Fylkesmannen har merka seg at dei merknadene som kom fram under høyringsprosessen frå fylkeskommunal og statleg hald, i hovudsak er tekne omsyn til. Private merknader er og til ein viss grad tekne omsyn til. 

a) Klagen frå Olav H. Broch:

Klagaren som har hytte innafor planområdet, har i sine merknader mellom anna peika på at kommunen har åpna for arealfesting av hyttetomtene i staden for punktfeste. Klagaren meiner og at det ville vere ein fordel å flytte det store inngrepet i naturen  mot vest, nærmare skitrekket. Området ville såleis verta spart for ein omfattande vegutbygging (inkl. vann og kloakk).

Planutvalet har vurdert klagemerknadene, og i si avgjerd kome til at avgreningsinga av utbyggingsområdet er avklart i kommunedelplanen, og er såleis ikkje gjenstand for klagerett. Klagen vart såleis avvist.

Etter plan- og bygningslova § 27-3, kan kommunestyret sitt endelege vedtak i reguleringssak påklagast. Det inneber at det for klageadgangen er forskjellige regler for reguleringsplan og arealdelen av kommuneplanen. Klagehandsaminga skjer etter forvaltningslova sine regler med dei unntak som følgjer av plan-og bygningslova sine regler. 

Reguleringsvedtaket kunne såleis påklagast av ein part eller andre med rettsleg klageinteresse.

Det var ikkje rettvist av planutvalet å avvise klagen frå Olav H. Broch ved å vise til at reguleringsplanen er i samsvar med arealdelen av kommunedelplanen. Reguleringsvedtaket er eit enkeltvedtak som er gjenstand for sjølvstendig vurdering og klage. Planutvalet har ved si formulering av vedtaket, sjølv skapt tvil og usikkerheit om kva dei har meint i si avgjerd. Dersom dette skuldast feilskrift ved formuleringa i avgjerda, er dette uheldig, idet den valgte ordlyd er egna til å gje eit uriktig bilde av rettsstillinga. Fylkesmannen er kome til at planutvalet må handsame klagen frå Olav H. Broch på ny.  

b) Klagen frå Petter Olsen:  

Petter Olsen eig Darthus seter. Klagaren har lagt fram festekontrakt av 4. april 1928, kor det går fram at seteren har beiterett i området som omfattast av reguleringsplanen. Området for reguleringsplanen ligg om lag 3 km unna Darthus seter, og innafor området som har vore gjenstand for tradisjonell seterbeiting. Klagaren hevdar difor at han er part i saka, jfr. forvaltningslova § 2 e).

Fylkesmannen vil først ta opp andre sider av klagaren sitt eventuelle partstilhøve i saka.

I høyringsrunden kom Petter Olsen med merknader til planforslaget, kor han viste til at det var inngått ein avtale mellom WWF-Norge og Langmorkje allmenning om 25 års hogstutsetting i eit område utanfor planområde. Det vart i denne samanheng fremma ønskje om å flytta hyttefeltet lenger vest. Så vidt fylkesmannen har forstått, har Petter Olsen vert bidragsyter til den avtala som er inngått mellom WWF-Norge og Langmorkje allmenning.

Spørsmålet vert om klagaren kan seiast å vere part fordi han er delaktig i finansiering av ein avtale om hogstutsetting i eit område som grenser opp mot reguleringsområde.

I utgangspunktet er fylkesmannen einig med kommunen i at den privatrettslege avtalen som ligg føre om hogstutsetting, ikkje er noko offisiell vernevedtak som gjev føringar for forvaltning av området etter plan-og bygningslova.

Det følgjer av forvaltningslova § 28 første ledd at eit enkeltvedtak kan påklagast av den som har vore part i saka og andre med rettsleg klageinteresse. Vedkomande person må såleis ha tilknytning til den saka vedtaket gjeld på en slik måte at vedtaket får rettsleg eller praktisk  direkte og håndfaste verknader for klagaren. Eit reguleringsvedtak kan såleis påklagast av eigar av grunn innafor det regulerte område. Rettigheitshavare i eigedomar innafor planen, kan og ha klagerett. Men førsetnaden er at vedtaket vedkjem vedkommande si eiga interesse i den regulerte eigedomen. Det må med utgangspunkt i vedkommande si rettelege posisjon i den regulerte eigedomen, føretakast ei konkret vurdering av om vedtaket får nokonlunde direkte og handfaste verknader for klagaren.   

Det høve at Petter Olsen har stått bak og delfinansiert avtalen mellom WWF-Norge og Langmorkje allmenning om hogstutsetting, kan neppe seiast at reguleringsvedtaket får rettsleg eller praktisk direkte og håndfaste verknader for klagaren. Dette sjølv om det private ”verna” hogstområde grensar opp mot planområdet. Fylkesmannen meiner at Petter Olsen si tilknytning til reguleringsområde gjennom avtalen om hogstutsetting er for perifer, sjølv om han har eiga interesse i at reguleringsområde vert redusert. Fylkesmannen er komen til at Petter Olsen ikkje er part og såleis ikkje klagerett på dette grunnlag jfr. forvaltningslova §§ 2 e) og 28 første ledd.    

Petter Olsen som eig Darthus seter, har ved festekontrakt dokumentert at han har beiterett i område som vert omfatta av reguleringsplanen. Som nemnt ovanfor, kan rettigheitshavare i eigedomar innafor planen ha klagerett. Fylkesmannen legg til grunn at klagaren og ein del andre gardbrukarar som har beiterett (bruksrett) i området, vert omfatta av reguleringsplanen. Dette gjeld og om klagaren ikkje direkte utøver beiteretten sjølv eller til dømes leiger den bort til andre.   

Fylkesmannen vil i utgangspunktet peke på at når ein regulerer eit område til hytteføremål,  som det er knytt beiterett til, så vil dette ha som konsekvens at beiteretten sitt omfang i området vert redusert. På denne måten vedkjem reguleringsvedtaket klagaren sin interesse i reguleringsområde. Fylkesmannen vil presisere at ein ikkje har teke stilling til om bruksretten (beiteretten) er til hinder for regulering i området.

Fylkesmannen meiner at klagaren har partsinteressar i plansaka og såleis klagerett. Det var difor urettvist av kommunen å avvise klagen. Det same gjeld grunngjevnaden fra planutvalet om at avgrensing og omfang av planen er avklart i kommunedelplanen for området. Fylkesmannen er komen til at planutvalet må handsame klagen frå Petter Olsen på ny.

c) Klage frå WWF-Norge og Naturvernforbundet i Oppland:

WWF-Norge og Naturvernforbundet i Oppland har i ei fellesklage vist til sine høyringsuttalar i saken. Prinsipielt held dei fast på at ei slik utbygging vil bidra til negativ utvikling med aukande fragmentering av unik fjellnatur. Konkret kan klagarne ikkje akseptere dei tyngste inngrepa, og at særs mange hytter skal leggjast heilt inn til WWF sitt privatrettslege verneområde. Dette strider også mot dei signaliserte intensjonane om å ta vare på skogen og landskapsverdiane, og at ein skal fremja gode miljøløysningar.

I klagebrevet ba klagarne om at klagen vert gjeve oppsetjande verknad, jfr. forvaltningslova

§ 42.

Planutvalet har lagt til grunn at klagarne er landsomfattande naturvernorganisasjonar og må såleis ha ei generell partsinteresse i saken.

Fylkesmannen vil peika på at ved sida av dei som forfølgjer eigne private interessar, kan og organisasjoner og andre interessegrupper ha klagerett etter forvaltningslova § 28. Slike organisasjonar og grupper vil ha klagerett sjølv om saka meir indirekte råkar vedkomande. Det er såleis ikkje noko krav om at organisasjonande sin rettslege posisjon vert råka. Men saka må røre ved interesser som ligg innafor organisajonen sitt føremål, og organisasjonen må vere representativ for dei interesser det er aktuelt å gripe inn i. Eit døme på det er at Norges Naturvernforbund i Rt. 1980 side 569 blei sett på å ha rettsleg interesse i å få prøvd Altautbyggingen. Likeeins la Justisdepartementet si lovavdeling til grunn i brev av 16. desember 1971, at Naturvernforbundet hadde klagerett i ei sak om trasevalg for ei kraftlinje frå Randsverk til Gjendesheim under henvisning til at foreininga hadde mange medlemmer, og at det dreide seg om ikkje uvesentlege interesser ut frå foreininga sitt føremål. 

Fylkesmannen meiner at dei same argumenta til dels gjer seg gjeldande i denne saken, og er såleis einig med kommunen i at både WWF-Norge og Naturvernforbundet må seiast å ha partsinteresse i saken. 

Klagen ble avvist av planutvalet. Argumenta for avvisningsvedtaket var at dei merknader klagarne har kome med, er avklart i kommunedelplanen. Kravet frå klagarane om utsett iverksetjing av vedtaket, vart heller ikkje teke til følgje.

Klagarane fekk underretning om avvisningsvedtaket i brev av 26. august 2002 frå kommunen. Vedtaket vart ikkje påklaga innan fristen på 3 veker. Seinare mottok fylkesmannen brev av 16. oktober 2002 frå WWF-Norge som vart sendt beinvegs med kopi til kommunen. I brevet heiter det mellom anna at avvisningsvedtaket ikkje vart påklaga etter di dei for seint vart gjort merksam på at avvisningsvedtaket måtte påklagast. Dette førte til at kommunen sende eit brev av 17. oktober 2002 til fylkesmannen, der dei ba om at ein såg bort i frå WWF-Norge sitt brev, og forsøk på å gå beinvegar i forvaltningssystemet.

Fylkesmannen legg til grunn at klagaren ikkje har påklaget avvisningsvedtaket, og at   klagefristen er overskredet, jfr. forvaltningslova § 29 første ledd. Etter forvaltningslova § 31 kan klagen handsamast sjølv om fristen er oversittet, forutsett at parten ikkje kan lastast for å ha overskredet fristen, og det elles av serlege grunnar er rimeleg at klagen vert handsama.

Spørsmålet om oppreisning for ikkje å klaga innan fastset frist, er ikkje kravd av klagaren eller vurdert av planutvalet.

Fylkesmannen vil ikkje gå inn på noko nærmare drøfting av spørsmålet om oppreisning, i det ein meiner at klagen ikkje skulle ha vore avvist slik det er formulert, men realitetshandsama i staden for. Fylkesmannen er etter dette kome til at planutvalet må handsame klagen frå WWF-Norge og Naturvernforbundet i Oppland på ny.

d) Klage frå Erling og Liv Marit Lusæter og Lars og Rune Bergdølmo:

I klagen vert det vist til rettsforlik ved Nord-Gudbrandsdal jordskifterett i sak 20/1995, kor det hevdast at klagarane har beiterett i Langmorkje statsalmmening i Vågå for dyr som vert slept frå gardsbruka. Klagarane fryktar at beitemoglegheitene på Vågå-sida vert sterkt redusert som følgje av hyttebygginga. Som ein konsekvens av dette vert beitedyra frå denne sida i større grad pressa over kommunegrensa til Lusætermorkje i Sel kommune. Som kjent har det vore mykje strid om hyttebygging og beiterettigheitene i Lusætermorkje.    

Det vart samstundes bede om at klagen vert gjeve oppsetjande verknad.

Kommunen har lagt til grunn at Lusæter og Bergdølmo har beiterett i planområdet. I utgangspunktet vil rettigheitshaverane i eigedomar innafor planområdet ha klagerett, og fylkesmannen er einig i kommunen si vurdering.

Planutvalet har her og avvist klagen under henvisning til tilhøvet til beitedyr frå Slombsetrene tidlegare er vurdert av utvalet i sak 71/00, og at grensene for utbygginga vart trekt av omsyn til beitebruken i området. Vidare peikar planutvalet på at reguleringsplanen er avklart i høve til kommunedelplanen for området, og at det ikkje er grunnlag for å handsame klagen som er i tråd med kommunedelplanen. Spørsmålet om utsett iverksetjing av vedtaket, vart ikkje teke til følgje. 

Avisningsvedtaket vart ikkje påklaga av klagarane.

Fylkesmannen meiner at klagen ikkje skulle ha vore avvist, men realitetshandsama i staden for. Det vises i denne samanheng til dei drøftingar og kommentarer som går fram ovafor. Fylkesmannen er komen til at klagen urettvist er avvist, og at planutvalet må handsame klagen på ny.

Klage frå Lemonsjøen Vel, v/formann Jørn Breili -  klagefristen:

Etter forvaltningslova § 29 første ledd, er hovudregelen at vedtaket må påklagast innan 3 veker etter at parten fekk underretning om avgjerda.

Det går fram av saksdokumenta at kommunestyret sitt reguleringsvedtak blei sendt klagaren i brev av 3. juli 2002, med klagefrist på 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er kome fram til vedkomande part. Det vil seia at klagefristen gjekk ut 25. juli 2002.

Formann i Lemonsjøen Vel, v/Bjørn Breili, har påklaga reguleringsvedtaket i brev av

23. august 2002, dvs. 4 veker etter klagefristen gjekk ut. I klagebrevet vert det mellom anna opplyst at  høyringsfristen var sers stutt, og den var lagt til byrjinga av ferietiden då mange var bortreist og ikkje hadde høve til å uttale seg. Klagaren har elles ikkje gjeve nokon grunngjevning kvifor det ikkje vart klaga innan fastset frist. 

Føremålet med reglar om fristar som dette er dels at det kan vere ein motpart som har interesse av å kunne innrette seg etter vedtaket så raskt som mogleg, og dels at forvaltningen sin eigen arbeidssituasjon kan gjera det påkrevd med ein endeleg slutt på sakshandsaminga.

Fylkesmannen er einig med kommunen i at klagen er for seint innkomen med 4 veker. Fylkesmannen legg og til grunn at Lemonsjøen Vel ikkje har klaga innan fastset frist.

Etter forvaltningslova § 29 fjerde ledd, er underinstansen og klageinstansen gjeve kompetanse til å forlenga klagefristen. Føresetnaden for forlenging etter fjerde ledd er både at fristen ikkje er gått ut, og at det ligg føre eit ”serleg tilfelle” i lova sin forstand. Uttrykket ”serleg tilfelle” indikerer at det ikkje skal ligge føre noko allment høve til å krevja forlenging. Men det kan til dømes vere at parten må føreta spesiell undersøking før vedkomande kan ta endeleg stilling til om det er grunn til å klage. Fylkesmannen kan ikkje sjå at klagaren har sett fram krav om forlenging av klagefristen, sjølv om det var i ferietida. Fylkesmannen meiner og at klagaren burde ha søkt om forlenging av klagefristen dersom han hadde meint å klage.

Etter forvaltningslova § 31 kan klagen handsamast sjølv om fristen er gått ut, forutsatt at parten ikkje kan lastast for at den gjekk ut, og det elles av serlege grunnar er rimeleg at klagen vert handsama. Klagaren har ikkje påberopt seg bokstav a og b i § 31 første ledd som rettsleg grunnlag for oppreisning for ikkje å ha klaga innan fastset klagefrist.

§ 31 første ledd bokstav b gjev likevel moglegheit for oppreisning såfremt det av ”serlege grunnar er rimeleg at klagen vert prøvd”.

Oppreisning etter dette alternativet er ikkje kurant. Eit omsyn som kan tale for oppreisning etter dette alternativet, er at saken har mykje å seia for klagaren, eller at den reiser eit prinsippspørsmål som og forvaltningen er tjent med at det vert teke stilling til.

Fylkesmannen meiner at ingen av reglene i forvaltningslova § 31 her kan gjerast gjeldande.

Lemonsjøen Vel fekk brev av 28. august 2002 frå kommunen med underretning om at klagen var sett fram for seint, og at den ikkje vert teken opp til handsaming. Klagen og klagefristen var såleis ikkje gjenstand for realitetshandsaming i planutvalet. Avgjerda vart administrativt fatta av sakshandsamar. Klagen burde ha vore lagd fram for planutvalet, som i tilfelle kunne ha avvist klagen på grunn av at den var for seint satt fram.

Planutvalet si avgjerd om å avvise klagen er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 tredje ledd, slik at det kan påklagast etter forvaltningslova § 28. Fylkesmannen kan ikkje sjå at klagaren fekk underretning om klageadgangen og klagefristen for det same, jfr. forvaltningslova § 27 første og tredje ledd. Det var feil at klagaren ikkje fekk ei slik underrretning og mogleigheit til å påklage avvisningsvedtaket spesielt. Klagen må handsamast på ny i planutvalet.     

Den privatrettslege avtalen om hogstutsetting i Darthuslia - rettsverknader i høve til arealdelen av kommunedelplanen:

WWF-Norge inngjekk 3. april 2002 ein privatrettsleg avtale med Langmorkje Almenning om hogstutsetting i 25 år. Hogstavtalen omfatter eit areal på omlag 2600 daa i Darthuslia, som grensar opp mot reguleringsplanen for Lemonsjøen hyttefelt. Avtaleområde er i arealdelen av kommunedelplanen, avsett som landbruks-, natur-og friluftsområde (LNF-område sone 2), kor det er forbod mot byggje-og anleggstiltak som ikkje er ledd i stadbunden næring.  Arealdisponeringa for det regulerte hyttefeltet var avsett lenge før hogstavtalen vart inngått, og burde difor vere kjend for partane på avtaletidspunktet.      

Samstundes med at Statskog SF fremma privat forslag om reguleringsplan for Lemonsjøen hyttefelt, vart det innleia forhandlingar mellom allmenningsstyret og WWF-Norge om mellombels hogstutsetting i 25 år. Etter det fylkesmannen kan sjå av saksdokumenta, har  kommunen ikkje vert delaktig i avtalen som vart inngått mellom partane. Kommunen er ikkje bundet av den avtalen, så lenge den ikkje er part. Det er forskjell på verneområder som er sikret gjennom serlov eller gjennom reguleringsplan, jfr. barskogområde som er vernet i medhold av naturvernloven. Den private hogstavtalen har såleis ikkje endra status for arealdisponeringa i området, som framleis er avsett til LNF-område sone 2. Fylkesmannen er einig med kommunen i at dette er ei privatrettsleg avtale, og ikkje noko offisielt vernevedtak som gjev føringar for forvaltning av området etter plan-og bygningslova.

Fylkesmannen vil peika på at det neppe kan ha vert nausynt kontakt mellom allmenningsstyret og Statskog SF om den mellombels hogstavtalen, som attpå til er ein og same grunneigar, når det har skapt strid og tvil i ettertid. Dette kan kommunen ikkje lastast for.   

'”Miljøvennleg hyttefelt”:

Fylkesmannen har merka seg at det i mediabildet har vore mykje debatt om reguleringsplanen for Lemonsjøen er eit miljøvennleg hyttefelt. Kommunen hadde mellom anna som målsetting at hyttefeltet skulle vere landskapsmessig tilpassa. Ein skulle leggja vekt på den tradisjonelle bruken av området, og om mogleg utarbeide byggtekniske krav om utforming som kunne vidareføre byggjeskikken. Ein skulle og minka energiforbruket pr. utbygd eining innafor  høgstandardfeltet. Vidare skulle ein leggje infrastruktur som tok omsyn til friluftsinteressene og med tanke på eventuell vidare utbygging av feltet. Det var og ein målsetting å minka forbruket av vatn innafor høgstandardfeltet.

Fylkesmannen viser i denne samanheng til at Miljøverndepartementet i brev av 3. oktober 2001 tildelte Vågå kommune stønad på kr 140 000,- til hytteprosjektet. Ein føresetnad for stønaden var at prosjektet skulle ha overføringsverdi til annan planlegging, enten som eksempel på godt grunnlagsmateriale og analysar, god planprosess eller gode planløysingar. Frå departementet si sida vart det tilrådd at det vart oppretta ei fagleg prosjektgruppe med representanter frå Vågå kommune, Statskog SF, Fylkesmannen i Oppland og Oppland fylkeskommune. Vidare var det ein føresetnad at prosjektet skulle evalueres eksternt. Det vart og avhalde eit oppstartingsmøte 9. januar 2002 i Miljøverndepartementet i samband med prosjektet, kor representantar for dei nemnde partar var innkalla og møtte.

Ettersom fylkesmannen seinare ikkje har vore innkalla eller direkte involvert i prosjektet, er det uklårt kva for kontakter og styringssignaler som har vore mellom departementet, Vågå kommune og Statskog SF. Fylkesmannen har for sin del ikkje vore delaktig i nokon prosjektgruppe for hytteplanen. Det kan stillast spørsmål om korleis prosjektmidlane har vert nytta, når det tilsynelatende etterlet tvil om bruken og styringen av dei. Ein vel difor ikkje å ta del i diskusjonen om det er eit miljøvennleg hyttefelt. Men fylkesmannen er likevel kritisk til bruken av omgrepet ”miljøvennleg hyttebygging” i samband med reguleringsplanen for Lemonsjøen hyttefelt. Dette så lenge det ikkje ligg føre meir konkrete føringar for energibruk, materialbruk, arkitektonisk utforming m.m. Slik planen er utforma synast ein at ”planlegging med kvalitet” er meir dekkjande. Reguleringsføresegnene skil seg heller ikkje vesentleg ut i frå kva som i dag bør vere innhaldet i andre hyttefelt i fjellnære område. Føresegnene gjev framleis stort rom for individuelle ønskjer, noko ein er usikker på om vil vere til fordel for landskapsomsyn-/miljø. Kommunen skal likevel ha ros for at storleiken på hyttene er vorte relativt moderate. 

Fylkesmannen er i tvil om prosjektet har nokon overføringsverdi til annan planlegging.

Sakshandsaminga og planprossen:

Fylkesmannen har merka seg at planprosessen har vore prega av til dels hastverk i saka, med uttalefrist 27. juni, handsaming i planutvalet 1. juli og kommunestyrehandsaming 2. juli 2002. Det kan difor stillast spørsmål om kor grundig høyringsuttalane er vurdert når kommunen har brukt så knappe fristar. I sakdokumenta ligg det føre brev frå Statskog, kor dei purrar på å få fortgang i planprossen med tanke på oppstart allereie hausten 2002 i planområdet. Fylkesmannen meiner generelt at det er viktig at kommunane har ein tidsstram planprosess. Men det må likevel ikkje vere slik at kommunen ikkje tek seg den nausynte tid slik at sakshandsaminga vert forsvarleg, og ikkje i uturvande grad lar seg pressa av utbyggingsinteressar.  

Klageinstansen skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før vedtak vert fatta.

Fylkesmannen vil peika på at det enkelte gonger kan vere tvilsamt kor grensa skal trekkes mellom avvisningsvedtak og realitetsvedtak. Avvisning kan ofte vere slik at organet vedtek å ikkje realitetshandsame ei sak som formelt er innbragt for organet. Skuleeksemplet på dette er at organet avviser å handsame ei klage som er for seint innkomen, eller at klageren ikkje er part eller har rettsleg klageinteresse.    

For at det skal dreie seg om ei avvisning i lova si meining, må ein ha som føresetnad at den gjeld noko som ville ha vorte eit enkeltvedtak om parten sitt ønskje hadde vorte imøtekome eller forkasta etter ei realitetshandsaming.

Etter plan-og bygningslova § 27-2 nr. 1, har kommunestyret myndigheit til å vedta reguleringsplanar. Det er kommunestyret som etter ei samla vurdering avgjer kva for areal som skal regulerast og korleis arealet innafor det regulerte området skal nyttast, det vil seia kommunestyret sitt frie reguleringsskjønn. Fylkesmannen har ikkje myndigheit til å endra ein reguleringsplan, men dersom fylkesmannen er ueinig i reguleringsvedtaket, kan saka som nemnd ovafor, sendast attende til kommunen med anmodning om å endra planen.

I samband med at saka no vert send attende til ny klagesakshandsaming, ber fylkesmannen om at saken vert lagt fram for kommunestyret til fornya vurdering. Ein ber kommunen serskilt vurdere om det er stemning for å ta ut delar av byggjeområde i H 2 som er sterkast eksponert i planområde eller redusere talet på tomter slik at planområde vert mindre.

Fylkesmannen finn det difor ikkje formålstenleg å realitetshandsama klagene på nåværande tidspunkt, så lenge det hefter delvise formelle feil og manglar ved klagesakshandsamingen.

Reguleringsplanen kan ikkje gjennomførast før dei formelle feil og spørsmål er avklara og svara på, jfr. forvaltningslova § 42. Dersom kommunen fattar nye vedtak i saken, eventuelt godkjenner endringar av planen, så vil dei nye vedtakene kunne påklagast til fylkesmannen.

Fylkesmannen syner til dette og ber om at kommunen i den vidare handsaminga forheld seg slik.

Konklusjon:

Klagene over Vågå kommunestyret sitt vedtak av 2. juli 2002 i sak 31/02, jf  planutvalet sitt vedtak i sak 56 og 59/02, om reguleringsplan for Lemonsjøen hyttefelt, er etter dette delvis tekne til følgje.

Fylkesmannen opphevar kommunen sitt vedtak og sender saken attende for delvis ny handsaming, jf forvaltningslova § 34 fjerde ledd.

Fylkesmannen har fatta dette vedtaket med heimel i plan-og bygningslova § 27-3,

2. ledd, jf rundskriv T-8/86 frå Kommunal-og arbeidsdepartementet og Miljøverndepartementet. 

Saksdokumenta ligg ved.

 

 

 

Elisabeth B. Løvold e.f.

Asbjørn Valla

Ass. fylkesmann

Rådgiver

 

 

Vedtakskode: Delvis oppheva

 

 

Kopi: -    Olav H. Broch, Granåsen 39, 1362 HOSLE

-         Petter Olsen, Karl Johans gate 18C, 0159  OSLO

-         Advokatfirma Haavind Vislie v/advokat Ola Brekken, pb.359 Sentrum, 0101 OSLO

-         WWF-Norge, pb. 6784 St. Olavs plass, 0130 OSLO

-         Naturvernforbundet i Oppland, pb. 368, 2602  LILLEHAMMER

-         Erling og Liv Marit Lusæter, 2676  HEIDAL

-         Lars og Rune Bergdølmo, 2676  HEIDAL

-         Lemonsjøen Vel, v/Jørn Breili, Joh. Hirschv. 2, 2619 LILLEHAMMER

-         Statskog SF, pb. 124, 2601 LILLEHAMMER

-         Miljøverndepartementet, planavdelingen, p.b. 8013 Dep, 0030  OSLO

-         Miljøverndepartementet, avdeling for biomangfold og friluftsliv, p.b 8013 Dep, 0030 OSLO

-         Oppland fylkeskommune, V.O. Regionale tjenester og utvikling

-         Fylkesmannen i Oppland, landbruksavdelinga, Gjøvik

-         Miljøvernavdelinga, her 


 

Tilbake til Allgrønn-sidene